Bondetinget
Eit dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk. No produserar færre bønder meir mat og billegare enn før. Aldri før har så mangen produsert så mykje for så lite. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspoltikk og dei faktiske resultata.
Informasjon
Bondetinget er ei dokumentarteaterframsyning eller “true crime” om norsk landbrukspoltikk dei siste hundre åra.
Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mange produsert så mykje for så lite. Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Vil bygdene våre overleve?
Varigheit: ca. 2 timar inkl. pause
Radioversjon: to episodar på ca. 1 timer kvar
-
Av Torkil Sandsund
Regissør Torkil Sandsund
Dramaturg Aslak Moe
-
Musikk: Frode Haltlid
Lysdesignar Krystian Myska
Visuelt uttrykk Torkil Sandsund
Dekormålar Charlotte Rintler
Medverkande Kyrre Eikås Ottersen
Inspirasjon
Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøking og eit djupdykk i historia med fokus på dei dramatiske 1970-åra. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata. Og sjølv om dette ikkje er ein klassisk krim frå verkelegheita, har regissør Torkil Sandsund gjort det eg vil kalle eit stort detektivarbeid. Allereie i 2014 byrja arbeidet med det som er blitt til framsyninga Bondetinget. Titusenvis av sider, med mellom anna stortingsmeldingar, talar, bøker og intervju med kjende landbrukspolitiske tenkarar, bønder som framleis står i næringa og som har gått ut av den, har blitt destillert til manuset for denne to timer lange framsyninga.
Basert
Stykket er i hovudsak basert på samtalar med Helge Bergo, samt bøkene hans«Norsk jordbruk – ei økonomisk slagmark»(Samlaget) og “Avviklinga av den norske bonden” (Vestlandsforlaget). Gjennomiscenesettesamtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom mellom anna Øksnesutvalet,Hitraopprøretog opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar - på dialekt - deriblant Jan E. Mellbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo, som er ein gjennomgåande karakter i stykket. Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen tek oss med på ei reise som byr på store tankar, viktige detaljar og ei innsikt i eit politisk spel om bøndene i Noreg. Ein historietime i teateret som vil gjere det mogleg å sjå korleis dei store linjene trekt opp av Einar Gerhardsen og dei som bygde landet framleis påverkar bygdesamfunna våre i dag. Sandsund viser fram den tapande parten, og spørsmålet er om ikkje det er vi som samfunn som heilskap som ber det største tapet?
Ei helsing frå regissøren
Tek du ei køyretur langs norske bygdevegar, og har auga med deg, ser du kvifor det har vore viktig å få fram denne soga. Ei soge om nedbygging av småbruk, bygdeindustri, småskular og butikkar, ei soge om ei folkeflytting frå utkantane inn mot byane som har pågått i 70 år.
Framsyninga var laga i samband med Bondelaget sitt 125 års-jubileum i 2021 og difor er fokuset på Bondelaget sterkt. Andre ansvarlege for utviklinga, får noko mindre fokus, utan at det fritek dei for ansvar. Dette er landbruket og bygdene si historie, fortalt frå taparane sin synsstad. Bondelaget var stifta med mål om levande bygder, der alle som kjende seg knytte til bondeyrket skulle kunne leve godt, kulturelt, økonomisk og sosialt. Idealet var gode liv og gode heimar og å vri gullkorn ut av Noregs fattige jord, gjennom arbeid. Dette stykket ynskjer å ta publikum med på ei reise gjennom skiftande ideologiar frå Johan E. Mellby si tid fram mot i dag.
Dei største slaga i stykket står på 70-talet - der mange byrja ta til orde mot omfanget av bruksnedlegging og konsekvensane for bygder og bønder. Storting, regjering og småbønder formulerte mål om å bremse strukturrasjonaliseringa. Likevel gjekk det ikkje.
I 2021 fekk vi for første gong - sidan Hitraaksjonen i 1975 - eit Bondeopprør utanfor faglaga, Bondeopprør 2021. Det landbruket som reiste seg på Hitra finst knapt lenger - no er det dei som var storbønder då, som står ved stupet.
Faglaga skulle kjempe for alle bønder og bygder sin rettar og vilkår.
I kva grad har organisasjonane lukkast med å representere medlemmene sine?
Kva dilemmaer kan dei ha stått i, når dei har tillete ei så stor ombygging av norsk landbruk og nedbygging av bygdenoreg, på tross av stortingets overordna mål og eigne vedtekter?
Og korleis grip du det an, om du ser at organisasjonen din kanskje forheld seg andre herrar og målsettingar, enn det som vedtektene skulle tilseie?
Helge Bergo kjempa for å få ein diskusjon om konsekvensen av den førte landbrukspolitikk, og han hadde henta sine ideal frå Bondelaget før krigen. Han skildrar det store Bondetinget på Voss i 1939, der han som 16 åring høyrde Bondehøvdingen Johan E. Mellby uttale at "ei bonderørsle med berre materielle krav, ber daudspira i seg». Helge Bergo står i ein tradisjon frå Hans Nielsen Hauge, motoren er ærlegdom og opplysning og han våga konfrontere dei mektige organisasjonane. Han var ein varslar, som kjende seg sverta og utstøytt, men kjempa vidare. I 2014 fekk eg gleda av å møte han. "Dette er over for min del", sa han, men om vi kunne bruke noko av dette han hadde fortalt, stod eg fritt til det. Helge gjekk bort i juni 2019.
Eg vil få rette ein takk til familien til Bergo, som har lete oss ta tak i denne historia, og alle andre som har brukt av si tid til å hjelpe oss å finne dei ulike stemmene og synspunkta som stykket ber i seg. Manuset til denne oppsettinga vart til i løpet av prøveperioden i nært samarbeid med skodespelar Kyrre Eikås Ottersen.
—Torkil Sandsund
Skriv
omtaler
-
Alle må sjå bondetinget
Firda
-
Bondetinget gjør landbrukspolitikk til engasjerende dokumentarteater
norsk shakespeare tidsskrift, Ragnhild Freng Dale
-
Eit dokuteater verdt å sjå
Marit Bendz, Scenekunst