Wake Orwell & Iranu
av Torkil Sandsund og Fjaler Turnéteater

Basert på eit univers av Simon Svale Sandsund-Lie (6 år)

Om framsyninga

«Wake Orwell & Iranu» er ei heilt ny familieframsyning frå Fjaler turnéteater, ein fantasi frå innsida av ein barneleik! 

Seb har rømt og gøymt seg i kassa si. Der har han to dukker som heiter Wake Orwell og Iranu. Wake Orwell er ei actionleike, og Iranu er eit barnsleg bomullsspøkelse. Wake Orwell likar å vise seg fram og leikar gjerne krig, medan Iranu heile tida prøver å komme seg unna og passe på den vesle hobnoken sin.

Dette klovneteateret tematiserer venskap og utfordringar knytt til det å måtte velje mellom vener. Stykket reflekterer òg korleis born brukar leik for å navigere i den verkelege verda.

Leik

«Wake Orwell & Iranu» byggjer på barn si leikelogikk, der alle inntrykk frå opplevingar dei har – store og små – gjev grunnlag for fantasien. Gjennom leiken kan ein bearbeide og få kontroll over inntrykk som kan vere for store til å hanskast med i den verkelege verda.

Kva Seb rømmer frå, er opp til publikum sin eigen assosiasjon og erfaring, men i botn ligg ein analyse av korleis born opplever konfliktar, og korleis dei kan kjenne igjen og handtere manipulasjon og press – enten i eigne venskap eller i samspel med vaksne.

I arbeidet med framsyninga har regissør Torkil Sandsund mellom anna studert og intervjua born i leik, ein metode som byggjer vidare på arbeidet med «Karons sandkasse», som Sandsund hadde regi på, og som vann Heddaprisen for beste barneframsyning i 2022.

«Wake Orwell & Iranu» er ei leiken, visuell, humoristisk og poetisk framsyning for born frå 5 år.

Plakat og banner teikna av Eva Meier.

Under finn du glimt frå prøver og produksjonen– fotografert av David Zadig.

Om du går tett på leiken til eit barn i konsentrasjon, vil du entre eit univers med same kjelde som draumen, eit univers for kreativ mestring av den store verda utanfor. Framsyninga Wake Orwell og Iranu føregår utelukkande der, inne i leiken.

Kunstnarleg team:

Manus og Regi: Torkil Sandsund
Scenografi, Kostyme og Dukker: Eva Meier
Konsulenter: Simon (5) og Pio (7)
Musikk: Peter Baden
Lys: Yasin Gyltepe
Teknikk, Rekvisitt og Verkstad: Jan Tjønneland
Produsent: Andreas Lykkebø

I rollene:

Seb: Stian Isaksen-Gihle
Iranu: Frida Vige Helle
Wake Orwell: Sebastian Warholm

Møt skodespelarane

  • Stian Isaksen-Gihle

    Spelar Seb

    Sidan utdanninga på Statens Teaterhøgskule har Stian jobba på dei fleste av landets teatre. I fleire år var han fast ansatt på Teater Innlandet, og spelte der mellom anna i den heddaprisvinnande framsyninga "Karons Sandkasse", i regi av Sandsund

  • Frida Vige Helle

    Spelar Iranu

    Frida gjekk ut av teaterutddainga på HINT i 2019 og har sidan jobba frilans som skodespelar og dukkemakar. Ho var i Fjaler første gong på teaterfestivalen i 2023, der ho gjorde ei arbeidsvisning av framsyinga si: "Take all my resources and trickle some down on me, daddy", som seinare har gjort stor suksess på SALT i Oslo.

  • Sebastian Warholm

    Spelar Wake Orwell

    Sebastian gjekk ut av Teaterhøgskulen i 2020, og har sidan drive kompaniet Vadmelsbanden, som har vitja Teaterfestivalen i Fjaler fleire gonger. Han var og skodespelar i Fjaler Turnéteater si første framsyning: "Aske av Stein" (regi Simon Boberg).

“Leik er eit uregjerlig språk som seiast å ha same kjelde som draumane - i leiken arbeider barn med store og små opplevingar eller ruster seg for kommande farer. Dette er ei familieframsyning der vi er utelukkande er inne i leiken til eit barn, overlate til seg sjølv. Vi møter Seb som kanskje er på flukt, som kanskje er heilt åleine. Seb ber med seg store forteljingar om oppbrudd, kaos og uro for framtida. Livet barnet lev, uvissa det kjem frå og framtida det er uroleg for, kan vi skimte gjennom leiken. ”

- Torkil Sandsund

Med hjelp frå: