DESIBEL

Om hornet

Desibel er eit mobilt støykunstprosjekt. Det vart laga i høve Vevringutstillinga sitt 30-års jubileum 2009. 

Under urframføringa  peika hornet  ut over fjorden mot ein bergvegg. Lyden vart kasta mellom fjella - heile landskapet resonerte. 

Det var ein respons  til  eit planlagt storskalagruveprosjekti Engebøfjellet i Vevring.  Vevring er ei stille fjordbygd i Sunnfjord som har realtivt store mineralforekomstar, rettane til desse forekomstane er no eigd av gruveselskapet Nordic Mining, og det vert arbeidd for å få konsesjon til mellom anna  å sleppe ut  200 000 000 kubik finmalt avfallsmasse i fjordbassenget årleg og støy 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka,  i minst 30 år. Kun fire  prosent av fjellet vil nyttast komersielt.      

Kampen for å berge fjellet pågår enno.  

Aktive prosjekt:

DATA:

10 meter langt mobilt hornhøgtalarsystem.

Frekvensområde:  15hz og 15 000 hz

Styrke:  130 Db på 10 meters avstand.

Vekt: ca 2 tonn

Høgde: 3,6 meter

Lengde: 10 meter

DESIBEL 2009

Komponist: Maja S. K. Ratkje

Biletkunstnar / konstruksjon; Geir Hjetland 

Ingenieur: Bjørn Kolbrek 

Produsent: Torkil Sandsund og Wenche Wefring 

Konsulent: Robin Støckert/ Soundscape studios og Harald Fetvedt

Desibel vart til med støtte frå

Norsk Kulturråd  - Musikk; - /prosjektstøtte og -/bestillingsverk

KORO

Sogn og Fjordane Kunstmuseeum.